Den store stjerna

DEN STORE STJERNA
Den store stjerna som steig i aust
med ljos over verda
tende vår son for framtidsferda
i heimsens mørke haust
Den store stjerna
gjer oss fri
med sitt bod no ved juletid.

Den store stjerna for fyrste gong
bar bod om ein frelsar.
Fattig og rik går fram og helsar
eit nyfødt barn med song.
Den store stjerna
ga oss ord
med ei von for vår veike bror

Den store stjerna i natta kald
har synt oss eit under
lyser med trøyst i tunge stunder
for folk i tusen tall.
Den store stjerna
høg og klår
er vårt ljos på den veg vi går

Den store stjerna står klår som før
og ber oss å dela
gje alt vi kan og såra hela
hos våre svoltne brør.
Den store stjerna
gjer oss fri
med sitt bod no ved juletid.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits